søndag 19. august 2007

Rio de janeiro

Paa tide med nytt reisebrev no!

Det var skremmande aa lese om jordskjelvet i Peru! Kom paa at dei to norske me var paa tur med er i Peru fortsatt, men heldigvis i andre omraade. Flaks at me kom oss vekk foer det skjedde.

Sidan sist har me forflytta oss fraa Foz do Iguaçu til Rio de Janeiro. Me kom hit torsdag kveld. Det var ikkje lett aa faa kontakta eit hotell. Retningsnummera her er eit einaste virrvarr. Til og med dei innfoedte sleit med aa hjelpe oss... Men etter aa ha droppa naaken tal og lagt til andre kom me endeleg gjennom og det var kun den portugisiske spraakbarrieren igjen. Me fekk oss hotell til slutt:) Hotellet var dessverre dobbelt saa dyrt som det som var forespeila i guidboka vaar. Fredag morgon var det ut paa leiting etter billig hotell paa Copacabana. Me fann snart ut at det ikkje fantes:( Ikkje loeye naar me fann ut at guideboka var skriven i 2002... Skal sjekke publiseringsdatoen ved neste guidebokkjoep.

Fredagen gjekk med til aa nyte Copacabana-stranda og ta ein tur til sukkertoppen. Stranda er flott og det er mykje liv der, men svoemmemulighetane er ikkje noko saerleg (boelgene som slaar inn er for store). Paa stranda speler folk fotball, volleyball, joggar, surfer, utoever yoga og massasje og masse meir. I tillegg er det plenty av selgarar. Saa dette er igrunn enklaste plass for shopping. Her er det berre aa sitte ned og selgarane kjem til deg med alt mellom himmel og jord:)

For aa komme til sukkertoppen maa ein ta to taubaner. Me var foerst ganske saa toeffe i trynet og skulle staa ytterst ved vinduet og sjaa heile vegen, men enda kjappt midt inne i vogna (i alle fall meg). Til vaar store skuffelse var ikkje kristusstatuen der oppe, men utsikten var fantastisk! Me saag heile Rio. Det er ein utruleg flott by med alle dei groenkledde toppane, krittkvite strendene, husa som ligg inneklemt mellom fjella og havet. Maa innroemme at den slaar Bergen.

I vaar beroemte guidebok stod det om novemberplassen i sentrum som skulle vere saa fin med masse gamle ervedige bygningar, saa den tok me taxi for aa sjaa. Naar taxien stoppa var me paa ein lugubert havneomraade og det var ikkje veldig fristande aa gaa ut. Naar me spurte om det var trygt, sa han nei og det heile blei ein bomtur. Dette er ulempen med Rio. Byen varierer voldsomt i trygghet. Eit kvartal kan vere trygt mens det neste er utrygt. Det tryggaste er aa holde seg i bydelane Copacabana, Botafogo, Ipanema og Leblon. Ellers gaar me berre i folksomme gater og tar taxi ellers. Praktisk at det er billeg med taxi.

I gaar var me og saag kristusstatuen, bydelen Santa Theresa, katedralen i sentrum og strendene i Ipanema og Leblon. Kristusstatuen var diger! 30m hoeg og 28m brei. Flott landemerke! Santa Theresa er annleis enn resten av Rio. Her er det ein heilt annan byggestil. Det er smale gater, ein del buskar og tre og bygg som minner om spanske hus. Eg syns det var meir sjarmerande der enn i resten av Rio, men heilt sikkert trur eg ikkje det er der. I alle fall ikkje paa kveldstid. Det ligg favelaer rundt paa alle kantar. Favelaer er fattige bydeler der politiet ikkje har kontrollen lenger. Fraa ST til sentrum tok me ein utruleg soet trikk. Berre ei lita vogn som er open paa begge sider. Ein del folk hoppar berre paa i fart og heng ut paa sidene.

I kveld skal me paa fotballkamp paa Maracanã stadion. Eg har latt meg overtale. Kampen er mellom Botafogo og International. Haapar det blir bra stemning! Det er verdens stoerste fotballstadion med plass til 200 000, saa det blir nok god plass til oss:) Me reiser med ein turarrangoer, saa det ikkje blir noko tull. Daa blir me ei gruppe i lag:)

Sidan de e saa flinke til aa rapportere om veret heime maa eg oppdatere daake paa veret her. No er det vinter er i Rio. I dag er det 22 grader og lettskya/sol. I gaar var det 24 grader og sol. Har blitt saa vant med fint ver paa turen at eg ikkje tenker paa at det kan bli daarleg. Kan bli hardt aa komme heim igjen...

Me reiser videre fraa Sao Paulo om kvelden den 24. august. Daa gaar turen til Johannesburg. Gledar meg til alle dyra! Spesielt giraffen:)

Kathrin
Rio de Janeiro

4 kommentarer:

margot sa...

Hei Kathrin og Bjørn kristian!
Det er sååå kjekt med nye brev.
Må innrømma at eg har vore inne to gonger før i dag. Har hatt ein lang søndag med jobbing og eting. Det er hardt å begynne på jobb igjen, men kjekt òg. Kjekt å møta kollegaene, og i morgon kjem elevane. Ser at me er fleire i same båt, sjølv om skulestart er litt forskjellig. Rio er sikkert spennande. Får lyst til å reise. Er glad for at de tek forholdsreglar. Greit å vite når de reiser vidare. Då blir vel døgnet/ klokka omtrent det same som her hos oss.
Ha det godt vidare, og ta vare på dåke sjølv. Me går her heime og tenkjer på dåke i spenning.
Klem frå mamma.

pappa-mamma sa...

Hei!
Følger deres reise, som etter min mening går gjennom noe av det mest spennende og opplevelsesrike som tenkes kan. Tenk en tur fra Stillehavets rand opp til 6000 m. høye fjell, og så ned i tropisk regnskog. Og i tillegg få oppleve rester av eldgammel kultur!
Ser at den lave temperaturen i Lima skyldes den kalde Perustrømmen. Bra dere slapp unna jordskjelv.
Bjørn Kristian får et vanskelig valg i Rio, om han skal bese det nykårede underverk på Sukkertoppen eller heller lettkledde damer på
copacabanastrender.
God reise videre gjennom verdens land og folk. Ser med interesse at jordhytter, mygg og kakerlakker rangeres foran New York.
Her står alt bra til. Hilsen Sverre (morfar).

pappa-mamma sa...

Og så er det min tur. Var hos morfar igår med mange siders utskrift.Der var det andre gjester, men jeg så at han smugleste sidene og fant fram atlaset litt diskret.Og i dag ringte han med kommentar. Fantastisk å være 88 år og så oppegående på alle måter.
Kjempekjekt å lese fra Rio. Jeg er veldig imponert over alt dere rekker over og opplever. Dere er flinke! Antakelig må opphavet være fremragende???? Veldig godt at dere tar forholdsregler og betaler litt ekstra for sikkerhet.Fortsett med det.
Birger er og fisker.Vi har nettopp sett to fotballkamper. Stabekk og Manchester City vant.
Håper på ny epistel snart. Jeg er også inne og sjekker flere ganger hver dag.
Klem fra mamma, Inger Helene

pappa-mamma sa...

Hei.
Kjekt å lese. Men ble det busstur?
Eller fikk dere skrekken tidligere, da dere helst måtte dytte bussen.
Ser at I - H har skrevet, hun jobber med skolen. Jeg har vært på Stapnes og fisket. Makrellstim. Bare hale opp. Fikk også stor lyr og mye småsei som fikk reise ut i sjøen att.
Det ble væromslag og mye varmere og da er det bra fiskebitt.
Sola gikk ned i havet,da er det bra i Norge også.

Håper du B-k ikke tretter Kathrin helt ut med fotballen.

God tur videre.

Birger