fredag 3. august 2007

Aguas Caliente

Reising sidan sist:

Tirsdag: Scootertur ved Tamarindo
Onsdag: Tamarindo-Allejuela(flyplassen/tyvebyen)-Lima
Torsdag: (04.00 fraa hotellet) Lima-Cusco
Fredag: Cusco-Den hellige dal-Agua Caliente

Som de ser har me no kome oss opp i fjella i Peru. Det var ein stor overgang fraa Costa Rica til Peru! I Lima kunne me ta paa oss bukse og genser for foerste gang sidan vi kom til New York. Det foeltes godt. Litt saann som heime:) Me fekk ikkje mykje tid i Lima. Me kom til hotellet klokka 22 om kvelden og reiste derifraa allerede 04.00 same natt. Troette og faele kom me oss til flyplassen og rakk med noed og neppe flyet til Cusco kl 05.40. Flyturen litt foer Cusco var utruleg fin. Massevis av spisse og fine snoekledde fjelltoppar som glitra i morgonsola:)

Foerste inntrykk av Cusco var at byen var veldig fin, men ogsaa veldig kald!!! Kanskje ikkje saa rart naar denn ligg 3400 meter over havet. Me blei transportert til hotellet vaart ilag med resten av gruppa vaar. Me er paa gruppetur nesten heile tida me er i Peru. Gruppa bestaar utruleg nok av halvparten nordmenn og halvparten amerikanarar (8 i alt). Behageleg aa endeleg ha nokon ein kan snakke norsk med:)

Eg hadde rekna med at den fine hotellet me skulle bu paa var varmt og godt saann at varmen kunne komme tilbake i fingar og taer, men neida. Skjoenar meg ikkje heilt paa desse folka, men det virkar som dei gaar for aa kle seg godt baade inne og ute. Doerene staar gjerne heilt opne sjoelv om det er 5 grader ute... Glava har eit stort markedspotensiale her! Tross kulden har dei ikkje dyner her heller. I gaar kveld la eg meg med ullsokkar og superundertoey, sovepose, laken, ullpledd og sengeteppe... Likevel tok det si tid aa faa varmen. Nok kuldesyting for no;) Om dagen er det god temperatur ute. Eg vil tippe 15-20 grader i sola.

Eg likar peru svaert godt (bortsett fraa kulden). Folka med hattar, skjoert og fargerike klede, saann som paa bileta i guideboeker og leksikon, fins faktisk. Til og med inne i byen i Cusco. Byen er paa eit vis meir vestleg enn tidlegare plassar (bortsett fraa USA). Trur det har med opplysinga aa gjere. Det er masse lys i gatene om kveldane. Foeles ikkje saa skummelt aa gaa ute etter moerket har kome daa:) Cusco skal vere ein trygg by til og med etter moerkets frambrudd. Det er vel viktig for landet at alle turistane trives. I Cusco er turisme den stoerste inntektskilden.

I Cusco var me paa sightseeing med buss der me fekk sjaa dei viktigaste severdighetane i byen ( katedralen, Plaza de Armas, hovudgata, Inkaruiner) og ein del ruinplassar utanfor byen. Eg fekk ogsaa sjaa dei etterlengta Lamaane. Utruleg soete dyr! Akkurat som forvokste sauar med morsomme utstikkande fortenner:) Paa turen blei det ny hoeyderekord for min kropp, 3800 moh. Hoeyden gjer meg anpusten for ingenting, men det er heldigvis ikkje noko stort problem.

I dag har me forflytta oss til Aguas Caliente, ca 1000 meter lavare. Det er godt! Me tok buss omtrent halve vegen (igjennom den hellige dal) og tog den andre halvdelen. Denne lille "byen" bestaar av eit togspor, som ogsaa fungerer som gate, med masse restaurantar paa begge sider. Og ei hovudgate med hotell, souvenirsjapper, internettkafear og restaurantar. Det er stort sett alt byen har aa tilby. Byen ligg naert Machu Picchu og det er kun derfor den fins. I morgon gaar turen til Machu Picchu:) Planen er aa vere der ved soloppgang, saa daa er det tidleg opp igjen... Haapar verkeleg at veret er fint. Tvi tvi!!!

Det faar bli nok for no. Maa berre stoppe ein plass. No e det hansketid igjen.

Forresten har eg sett litt nye dyr sidan sist:
-sommarfuglar (glomte dei sist)
-lama
-esel
-gribbar
-masse fuglar eg ikkje veit navnet paa
-BK har visstnok sett IKEA-frosken, noko eg har lite tru paa... Bk maa absolutt ha med at han har bildebevis. Bildet er garantert tatt av ein plakat eller eit postkort.

Har du faatt bagasjen din Ruth Henny? Haapar verkeleg det!

Kathrin

Ingen kommentarer: