torsdag 9. august 2007

Lima

Reising sidan sist:

Aguas Calientes - Machu Picchu - Aguas Calientes - Cusco - Den hellige dal - Cusco - Puerto Maldonado - Cayman Lodge (Amazonas) - Puerto Maldonado - Lima

No er det lenge sidan sist rapport! Me har vore i jungelen nokre dagar utan straum, saa daa fekk me oss ein datapause:)

Laurdag var me og saag Machu Picchu. Det var flott!! Me fekk med oss soloppgangen i ruinane, morgenfuglar som me er:) Me fekk grundig innfoering i livet til Inkaane. Det blei litt vel mange religiose tal aa holde orden paa etter kvart...Vegen for aa komme seg dit fekk Trollstigen til aa bleikne. Det foeltes som om fjellsida vegen gjekk i var vertikal og autovern har dei tydelegvis ikkje hoeyrt om her nede...

Etter Machu Picchu bar det tilbake til hoyden i Cuzco. Soendagen var me paa sykkeltur til den hellige dal. Det var kun meg, BK, ein skotte og ein amerikaner. Dei to siste saag styggeleg spreke ut, saa eg skjoente fort kem som kom til aa bli sinken... Men til vaar fordel hadde dei to andre store sykkelproblem:) Det var ein flott tur med mykje nedoverbakkar:) :) Topp topp for min del! Me sykla gjennom smaa landsbyar med flokkar med kyr, sauar og esel i gatene.

Mandag reiste me til jungelen. Me tok fly fraa Cuzco til Puerto Maldonado, ein morsom by der mopedar og mopedbilar (trehjulingar) var framkomstmidlene:) For aa komme oss til lodgen vaar inne i jungelen tok me baat paa elva i 2-3 timar. Me budde i koselege bungalowar utan straum og kun myggnett som vindu. Der hadde me det veldig fint utanom at eg var litt stressa for aa faa edderkoppar oppi senga. Det skjedde heldigvis ikkje:)

Tirsdag var eg paa lang gaatur i jungelen i haap om aa sjaa slangar, jaguar, forskjellege fuglar, aper og andre rare dyr. Eg hadde igrunn ikkje lyst til aa treffe paa giftige slangar som er 3m lange. Det naermaste me kom var aa finne slangeegget til ein giftig slange. Pluss ein 3m lang ufarlig slange som kryssa stien 5m foran oss (eg fekk den ikkje med meg:( ). Dessverre saag me lite til andre dyr òg. Me saag berre nokre fuglar hoegt oppe i lufta. Me kom til ein insjo der me kunne bade, men eg er litt for pinglete til aa svoemme i grumsete vatn med Pirajar i... Mata dei med raatt bifkjott ved strandkanten i staden. Konklusjonen er vel at jungel ikkje e heilt mi greie. Skumle dyr (som ein ikkje ser) og masse tett skog saann at ein berre ser nokre faa meter framover. Det er betre i fjellet der ein kan sjaa langt utover:) Me avslutta jungeloppholdet med krokodillejakt paa kvelden. Krokodillane heiter Cayman her. Me fekk sjaa fleire som laag og lurte i vannflata. Toeft!

No har me kome til Lima og kan dessverre ikkje skylde paa altitude sickness naar me blir slitne og andpustne lenger:( Me har dessverre ikkje faatt bagasjen vaar, men den skal komme i dag. Her er det overskya slik det alltid er pga forurensing og kloakk. Det maa vere ein behageleg jobb aa vere meteorolog her. 15 grader og overskya kvar dag heile aaret rundt;) Resten av gruppa reiste i dag tidleg. Litt tomt naar dei har reist. Har blitt vant til aa vere mange og til aa sleppe aa tenke sjoelv. Har til og med hatt med oss to koselege nordmenn som har passa paa oss:)

Dagane her i Lima kjem til aa bli mykje avslapping og litt sightseeing i byen og opplading til Brasil-turen.

Kathrin Sandstad
Lima

2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei begge to!
Dette var kjekt. Visste det ville ta nokre dagar før det kom nytt korespondentbrev, og så dukka det opp rett før leggetid. Har hatt høgtlesing for Anne og Ruth Henny frå begge korespondentane.
Trur eg ville opplevd det på samme måten som deg Kathrin at opne fjell med vidt utsyn er kjekkare en uoversiktleg jungel, og jobben som metereolog i Lima kunne kanskje vore greit, men berre for ein kort periode, trur eg.
Sykkeltur ein heil dag nedover ville utan tvil ha vore noko for meg, eg har ord på meg for å ha min styrke der!
Her er det kjekt å ha Ruth Henny heime. Vi her sett på bilde, reist på kartet, og fått utdjuping i tilleg til opplysningane i bloggen.
Reknar med det er ein del som skjer med dåke og som ikkje står i bloggen.
Ruth Henny reiser i bryllup i morgon, kjem at på søndag.
Tilbake til veret i Lima, det er vel omlag slik vi har hatt det på Vestlandet dei siste vekene, ca 12-15grader og grått.
Håpar bagasjen dukkar opp. Når det gjeld BK og bokseren veit eg ikkje heilt om eg forsto problemet. Det finst vel vatn i Lima og??!!

Veldig kjekt at de skriv opp namna på alle stadene de har vore, og dit de skal. Eg er jo litt kartoman, så då kan eg reisa med, og med Google Earth er det heilt perfekt. Tredimensjonale kart er flott i dei områda de no har reist gjennom.

Helsar frå Ruth Henny og Anne!
God tur vidare!
Pappa

Unknown sa...

Hei igjen!
Og no har Ruth Henny starta "mannekengoppvisninga" med alt det nye ho har kjøpt i USA. Flott!
Det blir nok sein kveld...