mandag 17. september 2007

Sydney

Hei paa daake

Lenge sidan eg har skrive innlegg no. Me har hatt ei lang reise paa tvers av Australia sidan eg skreiv sist i Perth. Me har kjoert ca 4500km! Artig aa frese rundt i karavanen vaar:)

Nullabor plain var spesielt. Her var det stort sett 1 til 2 timar koeyring fraa plass til plass. Viss det kan kallast plass daa... Plass = bensinstasjon/motell/campingplass. Som du seier, Inger Helene, er folka hyggeleg og imoetekommande her i australia. Spesielt paa Nullabor. Kanskje ikkje saa rart saa oede som det er der... Det er hyggeleg, for dei fleste spoer kor me kjem fraa og spoer litt om reiseplanar og saant.

Det triste paa Nullabor var at me saag masse kenguruar, men at alle var doede og laag i vegkanten:( Pga at kenguruane er aktive i moerket, kjoerte me stort sett ikkje etter det var blitt moerkt. Ikkje saa kjekt aa drepe ein kenguru.

Ellers har me vore i Adelaide, Barossa Valley og i Canberra. I Barossa valley var det veldig fint! Me budde i ein koseleg by/landsby som heitte Tanunda. Vinproduksjonen i dalen var enorm. Det var vinranker paa vinranker og heilt flatt. Ikkje heilt saann eg hadde tenkt meg, sidan det skulle vere ein dal. Fordelen var at det var lett og fint aa sykle der:)

Fraa Barossa Valley til Canberra planla me aa ta ei lur rute utanfor hovudvegane. Det var veldig fin natur og me var storfornoeyde heilt til me begynte paa veldig humpete veg der det stod skilt om at den var ueigna for caravaner... Men sidan me allerede var midt inne i ingenmannsland var det bittert aa snu. Etter at ein lokal meinte det var "possible but rough" aa komme til Canberra i caravan humpa me videre. Det enda med at me som trudde me skulle rekke hovedstaden i lunsjtider cruisa inn i byen ved moerkets frambrudd:)

Canberra overraska positivt:) Den har berre ca 300 000 innbyggarar, men har likevel masse interessante ting aa sjaa og oppleve pga at det er hovudstaden. Heile byen er bestemt korleis den skal vere ut fraa ein arkitektkonkurranse paa begynnelsen av 1900-talet. Den vesle byen har eit kjempe vegsystem. Tross store og fine vegar, var det ikkje lett aa finne camping der. Virkar som om dei har ein eller annan arkitektonisk ide om at kun vegar skal skiltast og ikkje usaklege ting som overnatting. Mellom vegane er det store groentareal og parkar. Det er kun midt i sentrum det er hoege bygningar. Du skal ikkje lenger enn ein halv kilometer fraa sentrum foer det ser ut som eit byggefelt med smaahus og hagar:) Maa vere fint aa bu landleg og saa sentrumsnaert. Det me fekk med oss i byen var:

-Krigsmuseet
-Nasjonalmuseet
-Capital Hill
-Old Parliament House
-Ambassadestroeket
-Kenguruar i parken
-Sykkeltur mellom desse plassane
-Black tower, TV-taarn med utsikt over byen

Fraa Camberra kjoerte me til Blue Mountains, som ligg litt vest for Sydney. Her fekk me sett fine fjellformasjonar. Three Sisters er den mest kjente (tre klipper). Me fekk ogsaa proevd verdens brattaste jernbane. Eit koseleg dampdrive tog som blei kalla The zig zag railway pga at traseen forma ein z for aa komme fraa toppen og ned i dalen (45grader bratt fjellside).

No er me i Sydney og har det fint her:) Likar denne byen veldig godt, for den er saa fin! Har slutta aa rangere byar opp mot kvarandre no, for det er umuleg. I gaar fekk me med oss det mest obligatoriske: Operahuset, Harbour bridge, Sidney tower og Explorer bussen rundt i byen. Det aller meste er fint her: husa (baade hoege sentrumshus og fine smaahus), sjoen og alle buktene og baatane. Til og med kjoepesentra er flotte erverdige bygningar.

I dag brukte me mykje av dagen paa aa faa levert vaar kjaere karavan. Me klarte aa traakle oss gjennom byen i go'bilen. Saa no er campinglivet avslutta og me har busett oss paa ein backpackerplass midt i sentrum:) Herifraa kan me gaa til det meste som er interessant. F.eks. Darling harbour og Sydney Akvarium. Maa innroemme at akvariet i Bergen ikkje har saa mykje aa stille opp med mot akvariet her... Det var utruleg flott! Me gjekk i undervannstunnelar med haiar, skilpadder, gigaflyndrer og masse anna spennande fisk svoemmande rett over hovudet vaart. Det var forskjellege tema i dei forskjellege tunnelane: Livet i havet her og livet ved Great Barrier Reef. Eg fann dessverre ut at skumle haiar og maneter ogsaa fins paa GBR. Maa manne meg ordentleg opp naar eg skal snorkle der!

Me har ogsaa testa monorailen her i sentrum. Det er ein morsom liten jernbane som kjoerer rundt ca 20m over bakken. Den er bra aa bruke til sightseeing, for ein har flott utsikt!

I morgon er planen aa ta ein tur med Bondi-bussen til Bondi beach og eit lite cruise paa fjorden inne i byen.

Onsdag ettermiddag gaar flyet til Cairns. Blir deilig med snorkling og bading ved Great Barrier Reef.

Kathrin
Sydney

2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei!
Kjekt med så laaaangt reisebrev. Skulle akkurat avslutta på arbeid, men først ein kjapp bloggsjekk.
Og der var det mykje kjekt å lesa!
Spennande med småvegar, og gøy når ein ikkje må gi opp.
Har funne ut at eg har kjende som driv resteurant i Perth, men det er jo litt langt tilbake, berre for ein matbit;-)
Takk for tekstmelding frå deg Kathrin. Du veit, når det tek til å bli ei veke sidan sist livsteikn, så... men så kom sms-en.

Australia høres flott ut, kven veit kva vi finn på ein gong.

Lurer forresten på om de aldri har tenkt på å lengta litt heim, at de er litt leie, eller rastlause, eller....?

Til slutt vermeldinga for Vestlandet:
Kuling frå nordvest. Fare for spredt opphaldsver med solgløtt. Nedbør som snø ned til 500moh. Og eg som trudde co2-en førte til oppvarming!?

God tur vidare!

pappa

margot sa...

Hei, og takk for lange brev, begge to.Det høysest forlokkande ut. Er glad for at de har det kjekt. Må sei at eg ser fram til at de er tilbake.Det nermer seg.I går var RH innom.Kjekt. I dag tok eg ein tur på gravene, for det var så fint ver. Var inne hos Oddveig og Nils, og der var Gerd og Johannes. Dei spurte etter dåke. Så var me oppe og såg leiligheten til Bjarte. Den var veldig fin. Han holdt på med siste finpussen.
God tur vidare!
Klem, mamma.